Kvifor er det viktig å dokumentere?

i Dokker, Dokker - Pedagogikk, Norsk eLæring

Bilde: Hans A. Rosbach, wikipedia.org

Scroll this

Å dokumentere er ein del av dei arbeidsoppgåvene som oftast blir oversett og undervurdert.
Det er ved å dokumentere at du beviser verdien din som ein dyktig medarbeidar. Når du dokumenterer systematisk, byggjer du opp kunnskap og verdifull informasjon om arbeidet du utfører, og om dei spesielle feila og problema som oppstår.

Du tenkjer kanskje at du vil hugse korleis eit bestemt problem blei løyst, men når eit tidlegare problem dukkar opp att seinare, har ein som regel gløymt detaljane. Du kjem sikkert ikkje til å vere i den same jobben for all framtid heller, og den erfaringa du byggjer opp og dokumenterer, er derfor uvurderleg for den som skal overta jobben din. Når du dokumenterer, gjer du det altså både for di eiga skuld og for andre. Tenk òg på at når du dokumenterer løysingar på problem, byggjer du opp kunnskap som du seinare kan dele med andre.

Nokon unngår til og med bevisst å dokumentere løysingar på problem fordi dei gjerne vil gjere seg uunnverlege. Tanken er at kunnskap er makt, og så lenge ein er den einaste som er i stand til å løyse problema, er jobben trygg. Det burde vere opplagt at dette ikkje er ein strategi du bør satse på. Det er ved å dokumentere at du beviser verdien din som ein dyktig medarbeidar.


Blogginnlegg, herunder foto og andre medier der ikke andre er kreditert, produsert og publisert av Norsk eLæring, er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens. Tekstkilde: NDLA – Arne Jansen, NKI-forlaget, Amendor as.
Bearbeidet av Tone Ovesen Skagemo, Norsk e-læring.